Har du nokon gong laga yoghurt sjølv? Det er superenkelt! Og så godt! Ikkje den søte du finn i butikken, her snakker me ekte saker, overlegen konsistens og smak, og full av gode bakteriar som er avgjerande for helsa di. I yngre dagar fekk eg for meg at europeiske, kontinentale vanar var mykje meir meg enn det trauste, keisame, jærske. Eg følte meg meir fransk-italiensk enn norsk. Så då var det bare å lære seg å ete yoghurt i naturell utgåve, slik dei gjer der sør. Litt uvant, eg var (og er) glad i søtt. Men når eg først fekk smaken….den silkemjuke, kremaktige surheten. Nam!
Ja eg veit det går an å kjøpe yoghurt naturell, men det er langt frå det same. På toppen av det heile bruker eg upastaurisert, ikkje-homogenisert melk, altså rett frå tanken. Snakk om helse i kvar drope! Så litt av poenget er altså å ikkje varme for mykje opp, for då tek du livet av dei gode bakteriane magen din vil ha.
Ein dag eg hadde desse godsakene i kjøleskåpet, kom far min innom. Smakar som flødekodla, sa han. Det laga me visstnok heime når eg var lita. Så mykje for dei franske vanane, rykk tilbake til start!
Oppskrifta her er uansett henta frå la France:
1 liter melk frå tanken (heilmelk frå butikken går og)
2 ss startkultur/yoghurt naturell
Varm opp melka i ei gryte, ikkje lenger enn at den held rundt 47-48 grader. Då klarer du så vidt å halda pekefingeren oppi. Kjøl ned til du kan halda pekefingeren oppi i 20 sekund. Ha starteren i ei lita bolle, hell oppi ein tredel av melka. Rør godt med ein visp. Hell oppi resten av melka, og rør godt med vispen slik at alt blir blanda godt saman. Så har du melka oppi det du vil av behaldarar. Eg brukar små glas med lokk. Då får eg ein porsjon per glas, det likar eg godt.
Desse plasserer eg i ei korg, og så rett på det varme badegolvet med eit godt ullpledd rundt. Her, lunt og varmt, skal han stå mellom 6-8 timar eller natta over. Smak på eit glas, om den har utvikla den karakteristiske syrlige smaken. Hvis ikkje, la han stå nokre timar til. Hvis du ikkje vil ha flødekodla, då 🙂
Når yoghurten er ferdig, må han i kjøleskap og då stivnar han til. Han held seg fleire veker der. Eg likar å ta det første glaset mens han ennå er varm. Oh la la!