Eg lar meg stadig inspirera av naturen. Yoga er og inspirert av natur; vrksasana er treet, tadasana er fjellstillingen, garudasana er ørna. Yoga handlar om å finne balanse. I naturen er det balanse, og det vekslar heile tida mellom aktiv og passiv. Årstidene er årets gang frå oppvakning og spiring om våren, via vekst og overflod om sommaren, til lauvet visnar om hausten og til slutt er det død og stillhet.

I døgnet er det likedan, ei tid for å vakne, ei tid for å vere aktiv, ei tid for ro og søvn. Blomane i hagen min følgjer denne rytmen, mange insekter og dyr likeså. Mennesket er og programmert for å veksle mellom aktiv og passiv. Men kanskje har me gløymt det? Kanskje er livet ditt hektisk, har vore det lenge? Kanskje har du gløymt korleis det er å ha tid til ei stund i fred i løpet av dagen? Du har kanskje mykje på programmet kvar einaste dag? Jobb, familie, kjekke ting på fritida, alt du bør og alt du skal og alt du ikkje rekk… Stress er jo ennå vår tids folkesjukdom.

Eg lurer på om det ikkje kjem litt sånn snikandes på. Stress altså. Gradvis meir og meir, til slutt blir det ein vane å alltid ha fullt på programmet. Ikkje ei ledig helg så langt fram i kalenderen du ser. Det er først når du får eit avbrekk at du merker det på kroppen. Kanskje fordi du fekk ei langhelg utan noko spesielt å fylla med. Eller du vart sjuk. Eller…. Mitt triks for å redda dagen er: mellomrom 🙂

Akkurat som denne teksten her, med mellomrom mellom orda, mellom linjene, mellom avsnitta. Sånn treng eg å ha det, kva dag. Setje av tid innimellom. Eit opphald. Vente litt. Pause. Når eg går til jobb, lagar eg plass mellom hektisk familieliv-frukost-matpakke og jobb. Etter jobb: fem ti minutt rolig yoga før eg er klar til å gå i butikken. Eg gjer meg sjølv tid innimellom til å ikkje gjera nokon ting. Tar rett og slett pause frå all input. Og hvis eg ikkje gjer det: trøtt og sliten, ja det merkes definitivt!

Mobilen din må ladast innimellom, kvifor trur du at ditt batteri ikkje går tomt?

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.