Ein av mine yogaelever inspirerte meg til å skrive denne bloggen.

Ein kan ha mang slags grunn for å gå på yoga, og då har ein kanskje konkrete forventningar om kva utbytte ein kan få. Men det er ofte mange bieffekter som ein ikkje har tenkt på, og då snakker me om positive bieffekter altså! Betre søvn, betre fordøyelse, meir opplagt, for å nevne noko.

Denne yoginien som inspirerte meg her om dagen, ho likar å sykle. Brukar sykkelen til å kome seg frå A til B, til jobb, til vener. Eller bare for å kome seg ut og bruke kroppen. Iallefall, då ho ein dag skulle ut på ein litt lengre sykkeltur, vart ho overraska; det var lett som ein plett! Ho var ikkje sliten då ho kom fram, og heimturen gjekk like glatt. Ein kjekk måte å oppdage resultat av oppmerksomhet på pusten, med betre oksygenopptak som følge!

Er du syklist? Trener du kanskje til Nordsjørittet, eller Tour de Fjords, eller Garborgriket rundt kanskje? Denne teksten er særleg til deg! Eg er nokså sikker på at yoga vil vera eit konkurransefortrinn for deg. Stram muskulatur på bakside bein, hamstrings? På yoga tøyer og strekker du og blir meir fleksibel. Vond korsrygg? Yoga er det som gir aller best effekt og både reduserer og forebygger vondt i korsryggen. Sliten i øvre rygg, skuldre eller nakke? Jepp – yoga har mange gode øvelser for å redusere spenningar og vondt i området. Så derfor har JærYoga lyst å gi deg som skal bli med i sykkelritt i vår eit godt tilbud. Du får 20 % rabatt på klippekort i heile mai. Vil du gå på nybegynnerkurs, så har me eit intensivt kurs søndag 7. mai, inkludert fri yoga i heile mai  og juni. Ikkje nøl – kom å jær yoga!

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.