Varme, late sommardagar. Fri. Vakne tidleg, tasse ut på terrassen med ein kopp myntete. Nyte varmen frå sola allereie klokka halv åtte. Sjøen er speilblank. Det er nydeleg å gjere yoga i ein sånn setting. La bare kroppen intuitivt velge kva yoga som passar best akkurat der og då. Tusle ned og stupe uti frå brygga etterpå. Frokost ute med jordbær, nybakt surdeigsbrød med rørossmør og nutella og ein kopp espresso. Det perfekte yogaferielivet!
Eller rain, rain og atter rain, som ei barndomsvenninne skreiv i hytteboka då me var små. Den norske sommaren er vel så ofte der. Det som er så fint, er vekslinga mellom perfekt og langt-frå-perfekt. Mellom sol og regn, varme og kulde, glede og sorg, rett og slett livet sånn det er i alle variantar. Yoga samanliknar livet med ein mynt. Glede og sorg høyrer saman som to sider av ein mynt. Fred finn du når du kan akseptere og ha tillit.
Aksept og tillit er grunnlaget for forståelsen av at virkeligheten er dualistisk, at det alltid vil vera motsetningar og at desse vil utfylla kvarandre. Denne innsikten kan gje deg større ro i livet, der opplevelsar og sansar ikkje blir ein berg- og dalbane du vil ut av i dei verste svingane, men ein tur der du bare følgjer med opp og ned. I steden for å klynga seg til det livet ein vil ha, vil sinnstilstanden vera roleg når livet går frå det eine ytterpunktet til det andre.
“Ved hjelp av praksis og ikkje-begjær bringes uro i sinnet til ro.”