Ola Sunde er tomatbonde på Vik. I hans drivhus får tomatane veksa og modnast på planten og blir ikkje hausta før dei er raude og gode. Ein dag kom Ola med ein heil kasse og alle yogisar på JærYoga fekk forsyna seg med så mykje dei ville! O glede!
Skulle du være så heldig å plutselig ha ein gjeng med tomater til disposisjon, og ikkje får spist opp alle sånn med ein gong: lag ein tomatbase av ovnsbakte tomater som du kan bruka som utgangspunkt til gode italienske rettar som lasagne og spaghetti bolognese.
Oppskrift på ovnstørka tomater med urter
Mange tomater skårne i to eller fire, alt eller størrelsen
Lauk og kvitlauk
Grønsaksbuljong i pulverform
Urter: oregano, timian, rosmarin, salvie…det du har, tørka eller ferske
Olivenolje
Litt crema di balsamico (kan droppast)
Litt sukker eller honning
Havsalt og pepar
Ha alt i ei ildfast form, og bak i ovnen. Du kan bake på 120 grader i to timar, eller lågare temperatur og mange timar, f.eks. 90 grader og 3-4 timar. Tomatane skal tørka litt inn. Du kan oppbevare dette i eit norgesglas i kjøleskapet i fleire veker.
Her er ferdig resultat etter tørking:
Når du så skal igang og lage middag, kjører du alt i ein blendar. Vips: tomatsaus! Av denne porsjonen fekk eg både verdens beste vegetarlasagne, spaghetti bolognese og tomatsuppe med makaroni.