Neste veke er siste veke med ordinær timeplan. Så blir det eigen plan for juli, så du kan halda praksisen din ved like hvis du er heime. I august er det stengt dei to første vekene. Skal du på ferie, vil du kanskje få med deg onsdagstimen 28. juni kl 19.30. Då blir det yoga utan utstyr, og du får tips til yoga du kan gjere når du ikkje har anledning til å gå på timar. Du kan ta med deg penn og papir og notera ned rekkefølge på stillingane hvis du vil.

Er me heldige kjem det dagar med litt varme og sol. Då kan det henda JærYoga vil tilby yogatimar ute! Følg med på facebook for pop-ut uteyogatime, eller send ein sms til 98206608 med ditt navn + yoga for å få sms-varsel.

Yogatimane i juli er desse:
Tysdagar kl 15.30 og kl 17.00
Torsdagar kl 18.30

Planar for hausten begynner å ta form. Det blir nybegynnerkurs nivå 1 for dei heilt ferske, nivå 2 for dei som har praktisert litt og nivå 3 for dei som har gått fleire kurs eller har gjort yoga ei stund. Nytt på timeplanen blir Morgonfrisk torsdagar kl 07.00-07.45, ein dropin-time for deg som vil gjere yoga før jobb. Det blir satt opp minikurs med ulike tema i helgene, og kanskje får vi og besøk av kjende gjesteyogalærarar… Meir om dette i neste utgåve av JærYoga-nytt.

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.