Tone er ei dame frå Ålgård som oppdaga sin kjærlighet for yoga då ho måtte ha to hofteoperasjonar i ein alder av 23 år. Med rehabilitering beståande hovedsaklig av yoga klarte ho nylig å fullføre sin utdanning som musikalartist, men har innsett at yoga ser ut til å ha ein større plass i hjertet hennar. Våren 2016 tok ho 200-timers yogakurs i Hatha yoga og har praktisert som instruktør siden. Nå har ho nylig kome heim etter 5 år i England og synes det er herlig å vera omringa av fjell og frisk luft. Og ho gleder seg til å ha yogatimar på Jæryoga!
Tone skal undervise i hatha yoga. Hatha yoga er ein tradisjonell type yoga som inneheld klassiske yogaposisjonar og pusteøvelsar. Klassen er ypperlig for nybegynnere pga tempoet men passer og for erfarne yogastudenter fordi det alltid er rom for å koma djupare inn i posisjonane. Kvar klasse avsluttes med djup avslapning med guida meditasjon. Det er viktig for vår generelle helse og for musklane våre at kroppen får tillatelse til å slappe av.
Sjølv om hatha er ei grein innanfor ashtanga så er det ein roleg sjanger kor me jobber med å knytte saman sinn og kropp. Yogaklassen har stort fokus på ryggraden og forebygger dårleg holding og generell smerte, samtidig som det auker fleksibilitet og styrke.