Oil pulling er eit triks frå ayurveda. Ayurveda betyr kunnskap om livet, med eit holistisk syn på helse. Alt heng saman. Frå ayurveda henter eg tips og triks til ein livsstil som tek vare på helsa; altså heile kroppen, sinnet, hodet, alt i harmoni med naturen og menneska eg deler verden med. Om mat, trening (yoga), haldning til livet, lære meir om meg sjølv.

Frå den ayurvediske skattekista har eg idag funne fram: oil pulling! Vil ikkje oversetja til norsk eller nynorsk, omg, oljedragning liksom… På originalspråket heiter det kavala eller gandusha. Kokosolje anbefales av mange, sesamolje er originalen. Og det er alt du treng, kanskje har du det i skapet allereie? Det går og an å kjøpe oil pulling mouthwash med eteriske oljer, for eksempel frå Georganics.

Og kva i alle verda, og kvifor…? Du renser munnen med olje, du swisjer og swosjer olja rundt inne i munnen i 20 minutt. Så spytter du ut. Enkelt, og du får ein fantastisk smak og følelse i munnen etterpå, bare prøv! I min gamle jobb gjorde eg dette når eg gjekk til jobb, det passa så godt med tidsbruk, og eg hadde uansett ingen å snakke med den vesle spaserturen.

Og kva godt kjem ut av det? Masse 🙂 Denne rutinen renser munnen, tannkjøttet og tenner. Motverkar plakk, og trekker ut giftstoffer/detoxer munnen. Styrker tenner, tannkjøtt og kjeven. Motverkar dårleg ånde, tørr hals, tørre/sprukne lepper. Brukes prevantivt, og for å behandle. Prøv det ut 🙂

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.