Januar – I love! Ferdig med jul, ferdig med overdådige middagar, julekaker og julegodt, utskeielsar, litt lite bevegelse sjølv om intensjonen var der i forkant, sov litt lenger kvar morgon sjølv om eg hadde tenkt å stå opp tidleg og gjere yoga og nyte stillheten i huset… Det er over! Januar kjem kvit og fin med nye blanke ark. Herlig!!

Og kva er då betre enn å rette fokus på sunn og god mat, i kombinasjon med yoga? Sidan eg elsker begge deler, kan det ikkje bli betre 🙂  For min del handlar ikkje fokus på mat om å gjere radikale endringar, spise mat kun fordi den er sunn eller uutholdelige greier. Men yogapraksis får fram eit ønske om å ta best mulig vare på kroppen. Korleis skal eg sei det..yogapraksisen resulterer i ein egen glede, ein egen nytelse når maten ikkje berre smakar godt, men eg veit den gjer godt og, for kroppen og for sinnet.

Og i denne konteksten er det så kjekt at JærYoga har fått på plass to nye gode tilbud til deg som vil starte året med mat og yoga-fokus. Kurset om kosthold og medisinsk yoga vil gje deg teoretisk påfyll om kosthold, skånsomme yogaøvelser og lekre smakebitar på sunn mat. Kurset lunsjyoga er ein pause midt på dagen med både avspenning, yogaøvelsar for god fordøyelse og du får med deg ein lekker lunsj på veg ut. Les meir under kurs.

Men før me kjem så langt…desember er rett rundt hjørnet. Min plan nå er å la julens budskap om fred og kjærlighet få større plass enn stress, jag, shopping, alle må-få-på-plass-ditt-og-datt-listene. Pustepausar kvar dag, tid til stillhet. Og plan om å stå opp tidleg heile romjula og nyte yoga før sola er oppe. Så får me sjå 🙂

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.