Her om dagen besøkte eg Sandnes Andelslandbruk. Dei held til på Vatneli, og har all verdas med ulike grønsaker, urter og poteter. Dei som er medlem, kjem og haustar rett frå kjelvå, og får då både nærkontakt med naturen, molda, dyrkemetodar og bondens arbeid. Pluss mat på bordet, då! Jording er eit begrep i yoga, me må halda bakkekontakten, bokstaveleg talt kjenna kontakten med det du har under føtene dine. Jording på matta gir trygghet, stabilitet og grunnlag for vidare utvikling. Me menneske er skapt for å ha kontakt med jorda og naturen, men me fjerner oss meir og meir frå det som er naturleg. Å grave i molda, hauste rett får kjelvå eller å stå støtt i tadasana er ulike måtar å nærma seg naturen igjen.

Men altså, med heim i sekken då eg reiste frå Vatneli og bonde Torill Østraat hadde eg blant anna skorsonnerrot. Og det har eg aldri hatt på kjøkkenet mitt før, så det var kjekt! Skorsonnerrot er og kalla fattigmanns asparges, og det ga jo eit hint om bruksmåte. Så hadde eg nettopp hakka og fryst mangoldblad, så eg sto att med stilkane. Eg brukte begge slik:

Skorsonnerrot vart skrelt og delt i to eller fire på langs, kom an på tjukkelsen. Mangoldstilkane behaldt eg som dei var.

Eg blanda først ein dressing av dette, og lot an stå og godgjera seg:

1/2 lime, safta
litt lønnesirup
olivenolje
salt og pepar

Så steikte eg skorsonnerrøtene og mangoldstilkane i kokosolje, ikkje for lenge for eg ville ha dei litt sprø inni. På benken sto ei lita skål med rista og hakka hasselnøtter og finhakka mørk sjokolade. Osten blanda eg med festost (frå Haugaland meieri, økologisk salatost som eg bruker i staden for fetaost, den er så god!).

Anretninga vart slik: ei skei med oliventapenade på tallerken, stilker og røter oppå, ost- og nøtteblanding på toppen, og eit dryss med sjokoladen og dressingen til slutt. Yummy!

Vil du motta nyhetsbrev frå JærYoga?

Motta gratis yogavideo, og få e-post med inspirasjon og nytt fra JærYoga en gang hver måned.

I agree to have my personal information transfered to MailChimp ( more information )

I will never give away, trade or sell your email address. You can unsubscribe at any time.

Leave a Reply

Your email address will not be published.