Denne blei ein favoritt, så den må eg bare dela! Nypene finn eg på nokre buskar nedi gata her eg bur, så det er enkel, kortreist og gratis mat. I tillegg er nyper proppfulle av c-vitamin, støtter immunforsvaret og anbefales mot infeksjonssjukdomar. Dei er og proppfulle av frø, som du må ta ut før du har dei i blendaren 🙂
4 nyper
1 banan
kefir
Om du vil kan du ha i kardemomme. Nypene kan og byttast ut med fersken, eller kvifor ikkje prøva plommer?