Blogg & siste nytt

Minikurs yoga og ayurveda – for ein god kvardag

Minikurset torsdag 16. mars er ei blanding av foredrag og yogapraksis. Ayurveda betyr kunnskap om livet. Ifølge dette gamle systemet for helse er ein av nøklene til god helse å leve i takt med rytmen vi finn i naturen. Lær meir om dei ulike dosha-typane vata, pitta og kapha, ta ein test og lær kva type du er dominert av. Du får tips til korleis enkle grep og rutinar i kvardagen kan gjere deg godt. Me gjer yogastillingar som er gode for vata, pitta og kapha.

Høyres dette interessant ut? Meld deg på til post@jaryoga.no

OMG – heimelaga yoghurt!

Har du nokon gong laga yoghurt sjølv? Det er superenkelt! Og så godt! Ikkje den søte du finn i butikken, her snakker me ekte saker, overlegen konsistens og smak, og full av gode bakteriar som er avgjerande for helsa di. I yngre dagar fekk eg for meg at europeiske, kontinentale vanar var mykje meir meg enn det trauste, keisame, jærske. Eg følte meg meir fransk-italiensk enn norsk. Så då var det bare å lære seg å ete yoghurt i naturell utgåve, slik dei gjer der sør. Litt uvant, eg var (og er) glad i søtt. Men når eg først fekk smaken….den silkemjuke, kremaktige surheten. Nam!

Ja eg veit det går an å kjøpe yoghurt naturell, men det er langt frå det same. På toppen av det heile bruker eg upastaurisert, ikkje-homogenisert melk, altså rett frå tanken. Snakk om helse i kvar drope! Så litt av poenget er altså å ikkje varme for mykje opp, for då tek du livet av dei gode bakteriane magen din vil ha.

Ein dag eg hadde desse godsakene i kjøleskåpet, kom far min innom. Smakar som flødekodla, sa han. Det laga me visstnok heime når eg var lita. Så mykje for dei franske vanane, rykk tilbake til start!

Oppskrifta her er uansett henta frå la France:

1 liter melk frå tanken (heilmelk frå butikken går og)
2 ss startkultur/yoghurt naturell

Varm opp melka i ei gryte, ikkje lenger enn at den held rundt 47-48 grader. Då klarer du så vidt å halda pekefingeren oppi. Kjøl ned til du kan halda pekefingeren oppi i 20 sekund. Ha starteren i ei lita bolle, hell oppi ein tredel av melka. Rør godt med ein visp. Hell oppi resten av melka, og rør godt med vispen slik at alt blir blanda godt saman. Så har du melka oppi det du vil av behaldarar. Eg brukar små glas med lokk. Då får eg ein porsjon per glas, det likar eg godt.

Desse plasserer eg i ei korg, og så rett på det varme badegolvet med eit godt ullpledd rundt. Her, lunt og varmt, skal han stå mellom 6-8 timar eller natta over. Smak på eit glas, om den har utvikla den karakteristiske syrlige smaken. Hvis ikkje, la han stå nokre timar til. Hvis du ikkje vil ha flødekodla, då 🙂

Når yoghurten er ferdig, må han i kjøleskap og då stivnar han til. Han held seg fleire veker der. Eg likar å ta det første glaset mens han ennå er varm. Oh la la!

Minikurs tema balanse

Neste minikurs er torsdag 16. februar kl 18.30-20.30. Balanse er litt sånn på og av. Nokre gonger er det lett, andre gonger klarer me bare ikkje å finne balansen. Å jobbe med dette på matta er både krevande og utfordrande, og gøy! Ein ting er fysiske posisjonar. Det mentale og vel så viktig. Pusteøvingar, mentalt fokus og balansere nervesystemet skal vi og jobbe med.

Å vera i utakt i forhold til eigen verdiar, med livet ein lever i forhold til livet ein gjerne skulle ha levd, er og eit aspekt i forhold til balanse. Kan det å praktisera yoga gjera den indre verden mindre kaotisk, så den ytre verden blir enklare å navigera i? Litt yogafilosofi rundt dette temaet innimellom praktiske øvingar.

Då er det bare å gle seg – det gjer iallefall eg 🙂 Kom å jær yoga!

Detox, yoga og kosthold

Søndag 8. januar har vi kurs for deg som vil komme raskt i gang igjen etter julens utskeielser.

En yogaøkt med øvelser som renser kroppen. Foredrag om hvordan bruke urter og krydder for å rense og styrke kroppen. Avslutter med meditasjon. Vi serverer en passende suppe til.

Bli med på alt, eller bare yoga, eller bare foredrag.

Yoga kl 10.00-11.30
Foredrag, suppe, meditasjon kl 11.30-15.00

Påmelding: post@jaryoga.no
Foredrag og mat: 550kr.
Yoga: et klipp på klippekortet eller 180kr.

Nyopning

Januar.. Sola har snudd. Eit nytt år begynner. Snart spirer og gror det igjen. Året er slik, ja livet er slik. Ein sirkel. Evig endring og forandring, og samstundes noko som alltid vil bestå.

Yogastudioet på Kleppe er blitt litt nytt, samstundes er det som før. Boka er den same, men nå er det eit nytt kapittel som byrjar. Du har kanskje fått med deg namneendring frå Satya Yoga til JærYoga. Det sneik seg inn i løpet av desember, frå 1. januar av så er det på skikkeligt og offisielt. Går du fast på yoga her, vil du ikkje merke endring verken på timen eller instruktør. Yogaen er akkurat som før, studioet på same plass. Samstundes blir profilen litt meir lokal, litt meir jærsk. Eg er både spent og gler meg!

Yoga er meir enn berre trening. Yoga er ein tilstand meir enn å vri kroppen i uvanlege stillingar. Yoga er difor like relevant i kvardagen som på matta i eit yogastudio. Kan me tenka yogisk når me stresser avgarde i livet? Ta tid til å kjenna pusten når livet går for fort? Det håper eg du som kjem på JærYoga tar med deg når du går ut frå studio!

Yoga er å sjå at alt heng saman. At val me tek, påverkar. Oss sjølve. Dei rundt oss. Miljøet rundt oss. Lokalt. Globalt. Heilskapen er der. JærYoga håper å bidra til ei litt betre verd, eit litt betre miljø. Tenk globalt – gå på yoga lokalt!

Onsdag 4. januar markeres nyopning med ballongar, ope hus og gratistimar. Kom og bli med – ta med ein ven eller to – kom å jær yoga! På menyen står:
09.30 morgonyoga
18.00 klassisk yoga særleg tilpassa deg som er ny
19.30 klassisk yoga

Bon apetit!